top of page

Tidsskjema og informasjon om gjennomføring



I år blir det alternativ gjennomføring av Sørvestmesterskapet. Begge dagar, laurdag og søndag, blir todelt med lokal konkurranselik trening først og stevnedel for toppidrettsutøvarar i siste del begge dagane. Pga restriksjonane som påvirker arrangementet, blir det i år ikkje premiering. Det blir streaming av både treningsdel og konkurransedel slik at det er mogleg å følga med sjølv om du ikkje kan vera i hallen.

Merk at det ikkje er mogleg å delta i både treningsdelen og stevnedelen.


Ordinær stevnedel Foreløpige øvingar i den ordinære stevnedelen er:

  • Laurdag: 60m HC, 60m hekk KS, 3000m MS, 200m KS, 200m HC

  • Søndag: 100m MS/KS, 400m KS, stav, lengde

Det er fortsatt mogleg å melda seg på i desse øvingane ved å ta kontakt med arrangør. Klubbar/lag som ønsker inn andre øvingar kan også ta kontakt, så ser me på om det er høve for å legga inn dette i stevnedelen.

For toppidrettsutøvarar er det ingen reiserestriksjonar internt i landet, med mindre det er reglar i heimkommunen som forbyr denne typen aktivitet.


Friidrettens reglar for gjennomføring av stevner blir fulgt for den ordinære delen. Det betyr m.a.


  • Maksimaltall for deltakere og deres trenere settes til 50.

  • Maksimaltall for øvrige – inkludert øvrige trenere som ikke faller inn i gruppen på 50 - settes til 10.


Lokal konkurranselik trening

I samarbeid med Sandnes kommune, RFIK, NFIF og Folkehallane, har me komt fram til denne løysinga som kombinerer smittevern med utøvarane sine ønsker om å få testa seg i ei konkurranselik form.

Ihht gjeldande reiserestriksjonar, er det kun utøvarar frå klubbar/lag innanfor Rogaland idrettskrets som kan delta på lokal konkurranselik trening. Oppnådde resultater her vil ikkje bli godkjent som offisielle av NFIF og kan difor ikkje brukast mtp kvalifisering til mesterskap eller rekord.

For delen med konkurranselik trening gjelder følgande:


  • Kun for utøvarar under 20 år og evt toppidrettsutøvarar som heller ønsker å delta i denne delen.

  • Foregår i fleire grupper på maks 20 per gruppe.

  • Gruppene blir på førehand delt inn basert på eksisterande treningsgruppe. Dette foregår i samarbeid med deltakande klubbar og lag. Her er det gitt litt fleksibilitet mtp at klubbar/lag med få deltakarar kan plasserast med større treningsgrupper.

  • Minimumskrav om fem meters avstand mellom gruppene.

  • Utøvarar frå ulike grupper kan ikkje løpa mot kvarandre i samma heat pga avstandskrav mellom gruppene.

  • Kvar gruppe har ein, eller fleire, ansvarlege trenarar/leiarar.

  • Ingen publikum/familie o.l. tilstades i hallen under treningsstevnet.

  • Eit minimum med funksjonærar blir brukt for gjennomføringa.

  • Gruppene møter til litt ulike tidspunkt for å unngå trengsel. Oppmøtetidspunkt blir arrangør og deltakande klubbar/lag einige om.



bottom of page