Sørvestmesterskapet med innlagt mangekamp 20.-21.februar
Ny helg for Sørvestmesterskapet er satt til 20.-21.februar. Påmeldinga er nå gjenåpna i MinIdrett i tru og håp om at stevnet lar seg gjennomføra ihht til gjeldande smittevernsregler for Sandnes kommune den aktuelle helga. Dette kan td bety at
Det ikkje vil bli høve for familie og andre interesserte å følga stevnet i hallen som publikum. Me vil prøva å få til god streaming slik at det jamvel blir høve til å følga med.
Deler av oppvarminga må foregå ute for at flest mogleg grupper får gjennomført sine øvingar i løpet av helga. Merk at dette ikkje vil bli aktuelt for mangekjemparane då dei gjennomfører sine øvingsdagar innanfor ei økt/bolk som ei gruppe.
Øvingar som fleire typisk kombinerer (t.d. lengde, 60m og 200m) vil bli gjennomført som ei økt/bolk for den aktuelle gruppa.
Utøvarar frå enkelte deler av landet ikkje kan delta pga reiserestriksjonar.
Meir detaljert informasjon om smittevernstiltak som påverkar gjennomføringa, vil bli lagt ut her få dagar før stevnet, når me kjenner til kva regler som er gjeldande 20.-21.februar.
Viss du tidlegare har meldt deg på, og den nye datoen ikkje passar, melder du deg av.
Det er høve til å melda seg av heile arrangementet, eller enkeltøvingar, heilt fram til stevnedagen. Utøvarar som melder seg av før øvinga startar, trenger ikkje betala startkontingent.
Comments