top of page

Alt klart til Sørvestmesterskapet


Med rekordstore 616 startar, ønsker me velkommen til dei 22 klubbane som har påmeldte i Sørvestmesterskapet.

Tidsskjema, startlister og resultatservice finner du i menyen over.

 

Det er nokre ting det kan vera greitt å merka seg:

- På 60m er det forsøk for dei fleste. Då er det tidene oppnådd i forsøket som er avgjerande mtp kvalifisering.

- Det er direkte finale på alle løp frå og med 200m.

- Stav er delt i to grupper der den første gruppa som hopper kl 1100 har starthøgde frå 2,40m og oppover. I den andre gruppa, som startar kl 1230, kan ein starta på den starthøgda ein ønsker under 2,40m.

- Stort sett skal det gå greitt for dei aller fleste å få gjennomført det dei har meldt seg på i, men viss det skulle bli veldig travelt; prioriter løp. Det er enklare å få til fleksible ordningar i tekniske øvingar. Snakk med øvingsleiar, så ordner det seg nok.

- Husk å besøk kafeen! :-)


Featured Posts
Recent Posts
bottom of page