Onsdag 28.juni kl 1700 er det klart for det første Vindsprintstevnet. Det går i Sandnes og er ein av dei siste sjangsane til å oppnå krav for EM U23 og U20. På planen står 100m, 200m, 100m hekk og 110m hekk.
Me har fem tidtakaranlegg tilgjengelege og snur løpsretningen ihht vindretning på alle løp. Løpsretning blir kunngjort kort tid før kvar øving.
Det blir lagt opp til splittidsanalysar på alle finalar. I tillegg blir reaksjonstider lagt ut.
På 100m får alle løpa to gonger (forsøk + A, B, C…. finalar) medan det blir direkte finale på 200m og korthekk.
Dei fire beste resultatene, oppnådd under stevnet i Sandnes, blir premiert slik:
plass: 4000 kroner
plass: 3000 kroner
plass: 2000 kroner
plass: 1000 kroner
Kun det beste resultatet oppnådd av kvar enkelt utøvar blir brukt.
Poengtabellen til IAAF (IAAF scoring tables rev 2017) blir brukt som grunnlag.
Stevnet er slutt i god tid til at ein rekker 2100-flyet frå Sola.
Etterpåmelding er mogleg mot dobbel startkontongent.
Julepresang i Juni. Meir tidtakarutstyr :-) :